Lesefest 2021

Lesekonkurranse i veke 45 og 46 for våre kundar.

Lesefest 2021 er over!
Fristen for å levera inn svar på quiz og leseutfordringane var 22. november.
Vinnarane blir annonsert her på fredag kl. 12. Følg med!

Last ned diplomar til klassa.

Er klassa klar for Lesefest?

I to veker handlar det om å lese mykje og å lese for å finne svar.

For å vere med i trekninga av flotte premiar må læraren og elevane utføre ulike gjeremål for å oppnå to lesemål.

Å lese for å finne svar

Vi har laga tre ulike quiz med tema dyr, fotball og engelske bøker.

Svar på ein quiz = eitt lodd i premiepotten.

Læraren leverer inn quizen på vegne av elevane, papirutgåve av quizen er nedlastbar til bruk i klasserom.

Svar når de vil, men innan 22. november

Å lese mykje for å få mengdetrening

Vi har laga eit ark med leseutfordringar som elevane skal løyse ved å lese mykje.

Læraren sender inn skjemaet innan 22. november, for å stadfeste at elevane har gjort leseutfordringane.

Premiar og reglar

1. Alle klasser som deltek, må være påmelde innan 5. november for å kunne vinne premiar.

2. Elevane kan lese eller lytte til bøker i og utanfor Lesemester.

3. Ved konkurranseslutt leverer læraren inn skjemaet med ei erklæring om at elevane har delteke på leseutfordringar. Læraren må bruke si e-postadresse som er tilknytta skulen dei jobbar på. 

4. Ved konkurranseslutt leverer læraren inn minst ein quiz på vegne av elevane i klassa. Ein quiz med rett svar = eitt lodd i trekninga. Læraren må bruke si e-postadresse som er tilknytta skulen dei jobbar på. 

5. Innleveringfrist av quiz og erklæring på leseutfordringar er måndag 22. november.

6. Vinnarar vert trekte innan veke 47 blant dei som har levert inn skjemaet med leseutfordringar og blant dei som har svart riktig på quizane, og vinnarane vert kontakta på e-postadressa dei har opplyst.

Fram til konkurransestart kan det forekomme endringar i premieutvalet.
Trykk på bilda for å få dei forstørra.

LESEMÅL 1 – Å lese for å finne svar
Premiar vert trekte heilt tilfeldig blant klassane som har svart rett på quizane. Dersom de har svart på alle 3 quizane, vil dere ha 3 lodd i potten.

Dyreparken i klasseromet (digital undervisning) – Frå Dyreparken i Kristiansand
Møt og lær om fantastiske dyr live frå Dyreparken. Vi tek dykk med rundt til ulike dyr gjennom skjermen.
Undervisningsopplegget skal tilpassast klassetrinn.

Billettar til ein valfri kamp i Toppserien – Frå Toppfotball Kvinner
Vi gir ut billettar til valfri kamp i Toppserien neste sesong, til heile klassa.

Pizzalunsj til klassa – Frå Lesemester
Vi spanderer pizza til heile klassa.

Pizzalunsj til klassa – Frå Creaza
Vi spanderer pizza til heile klassa.

Tre pakkar til tre klasser:  Bøkene om noomane (bokmål eller nynorsk), valfritt spill pluss ballongar/buttons – Frå Dragonbox
Vi gir bort bøkene om noomane på enten bokmål eller nynorsk, valfritt spill til heile klassa og ein pakke med ballongar/buttons etc.

 

LESEMÅL 2 – Å lese mykje for mengdetrening.
Premiar vert trekte heilt tilfeldig blant klassane som er kvalifiserte gjennom at læraren har levert inn skjema med erklæring om at alle har gjennomført leseutfordringane.

Pizzalunsj til klassa – Frå Lesemester
Vi spanderer pizza til heile klassa.

Is til heile klassa x 5 – Frå Lesemester
Vi spanderer is til heile klassa, 5 klasser vert trekte ut.

Refleksar til 20 klasser – Frå Lesemester
Vi gir bort livsviktige refleksar til 20 klasser inn mot mørketida.

Klassesett med Kong Kortbukse og dukkeangrepet av Andy Riley – frå Egmont
Boka passer til barn frå 7 år, og er på bokmål. Forlaget sin omtale: “Edwin er ikke en hvilken som helst gutt. Han er nemlig konge, med trone, egen rustning og et slott fullt av hemmelige ganger og ALLTING. Det skjer noe RART i Edwinland. Den onde keiser Fuskesen er blitt snill. Han smiler til innbyggerne sine og han lager dukker til alle i Edwinland. Planlegger han noe slemt? Mest sannsynlig! Men hva kan det være?”

Bokbussen , oransje til ei klasse – frå GAN Aschehoug
Bokbussen ORANSJE gir leseopplæring og leseglede! Bokbussen ORANSJE inneheld 20 nivådelte småbøker og er utarbeidd for dei yngste lesarane. Bøkene skal bidra til leselyst og tilpassa leseopplæring og kan brukast uavhengig av andre leseverk. Veleigna til individuell lesing, stasjonsarbeid og rettleia lesing. Bokbussen ORANSJE skal gi elevane den stolte opplevinga av å lese bøker sjølve.  Her finst morosame, engasjerande og spennande bøker med illustrasjonar som støttar opp under tekstene. Litterære og pedagogiske kvalitetar er vektlagde. Bøkene er inndelte i to nivå etter vanskegrad og tekstmengde. Bokbussen ORANSJE finst på bokmål og nynorsk.

Lesetelefonar  – frå Malimo
Vi gir 10 lesetelefonar til klassa. Desse lesetelefonane frå Learning Loft “Toobaloo” er eit nyttig auditivt hjelpeverktøy for å lese. Hald fokuset i lesinga og “koble ut” alt omkring medan ein les. Verktøyet kan brukast for å forbetre ting som leseflyt, artikulasjon og uttale.

Lesehjelparar – frå Malimo
Vi gir 2 stk 6-pk. med lesehjelparar til to klasser. Desse lesehjelparane “Fingerfocus highlighter” er nyttige hjelpeverktøy for å lese. Ringen skal plasserast på peikefingeren og staven skal plasserast inn i den. Vindauget markerer det enkelte ordet som skal lesast. Kvar pakke inneheld fire fargar: gul, blå, lilla og blank. På den måten finn ein det som passar barnet best. Staven måler 7.5cm i lengda og 5cm i breidda.

Å lese for å finne svar

For å oppnå dette lesemålet, må klassa svare på minst ein av quizane under, og læraren skal levere det inn digitalt. Dersom de svarar på alle tre, har de tre “lodd” i trekninga av fine premiar.

Til quiz 1 og 2 høyrer det med ein video, der spørsmåla vert lesne opp. Den er meint som motivasjon for elevane, og er frivillig å sjå. Alle quizane kan de finne svar på ved å lese bøker i Lesemester, eller ved å lese andre stader, digitalt eller i bøker.

Inne i sjølve quizen finn de bilde av bøkene de kan lese i Lesemester for å finne svar på spørsmåla. Dersom bøkene er for vanskelege for elevane å lese sjølve, kan læraren lese høgt for klassa. Det viktigaste er at de snakkar med elevane om gode lesestrategiar for å finne svar på spørsmåla, og at det er læraren som sender inn svaret på quizen på vegne av heile klassa.

Det er mogleg, men heilt frivillig, å skrive ut quizane til arbeid i klassa undervegs. Perfekt for læringspartnarar å finne svar på saman kanskje?

Quiz nummer 1 – FAKTA OM DYR

Denne quizen handlar om fakta om dyr. Kan de finne svar på spørsmåla frå Akvariet i Bergen?

Quiz nummer 2 – FAKTA OM FOTBALL

Denne quizen handlar om fotball. Noregs beste kvinnefotballag er for tida Sandviken IL. Dei har laga nokre spørsmål til dykk:

Quiz nummer 3 – ENGLISH BOOKS

Denne quizen handlar om engelske bøker. Kan de finne svar på spørsmåla vi har laga frå engelske bøker i Lesemester?

Å lese mykje for å få mengdetrening

For å oppnå dette lesemålet, må alle elevane i klassa gjere 10 leseutfordringar i løpet av dei to vekene, og læraren må sende inn skjemaet under for å gå god for at elevane har gjort leseutfordringane.

Læraren lastar ned leseutfordringa på førehand, skriv dei ut og deler ut til elevane. Elevane kryssar av når dei har oppnådd måla. Læraren bestemmer på førehand om det må vere ei bok per leseutfordring, eller om ei bok kan gi fleire kryss. Leseutfordringane kan ein oppnå ved å lese eller lytte til bøker i Lesemester eller analogt.

Konkurranseslutt
Når konkurransen er over, og innan 22. november, må læraren sende inn skjemaet under for å stadfeste at elevane har gjort leseutfordringane. Dette skjemaet er tillitsbasert, og for å vere med i trekninga av premiane må læraren levere inn dette.

Melde på klassa si innan 5. november

Bruke epostadressa tilknytta skulen i alle skjema som skal leverast inn.

La elevane få tilgang til rikeleg med lesestoff i konkurranseperioden.

Besøk skulebiblioteket eller det lokale biblioteket i løpet av konkurransen.

Levere inn svar på quiz og skjema innan 22. november.

For brukarhjelp inne i Lesemester, sjå i lærarrettleiinga på bokmål eller nynorsk.

For teknisk support (kun for lærarar), send ein e-post til support@lesemester.no

Lesefest 2021 Premieleverandørar

Bildet på toppen av sida er sett saman av fleire illustrasjonar frå www.freepik.com og Tonje Froastad