Lesereisen –  Reisemål 1 Noreg sitt midtpunkt

Lesereisen – Reisemål 1 Noreg sitt midtpunkt

Velkomen til Noreg sitt midtpunkt!

.  

Bilete er henta frå Wikipedia. Foto: Hallvard Wie.

Start: Noreg sitt midtpunkt
I denne konkurransen er det med elevar frå heile Noreg. Frå Svalbard i nord, til Lindesnes i sør, ja til og med frå den norske skulen i Rojales, Spania og Nairobi, Kenya. Vi byrjar i midten av Noreg.

Fakta for 1.-4. trinn
Vi startar turen ved Noreg sitt midtpunkt. Det finn du i Trøndelag.
Trøndelag er eitt av Noreg sine 11 fylke.
I Trøndelag bur det omtrent 468 000 menneske.

Fakta for 5. -7 trinn
Vi startar turen ved Noreg sitt midtpunkt. Det finn du i Trøndelag.
Trøndelag er eitt av Noreg sine 11 fylke.
I Trøndelag bur det omtrent 468 000 menneske.
Noreg sitt midtpunkt er berekna av Statens kartverk.

Om du bur i nærleiken kan du sjå korleis du kjem deg hit: https://ut.no/turforslag/118276/norges-geografiske-midtpunkt 

 

Boktips

 

 

For læraren:
Bloggpostane om Lesereisens reisemål kan du lesa høgt for elevane, eller nytta dei som ei ekstra leseutfordring. Dei vil alltid vera tilpassa 1.-4. trinn og 5.-7. trinn. På kvar fredag kl 8 publiserer vi ein quiz på www.lesereisen.no  som de kan svara på. Spørsmåla frå quizen vil vera frå veka sine reisemål/blogginnlegg. I quiz-skjemaet må du som lærar svara med same e-postadresse og gruppenamn som du melde deg på Lesereisen med. 

Vi har fått tips om at nokre påmelde grupper vil laga eit tomt verdskart i klasserommet og fargeleggja det etter kvart som vi reiser rundt. Det tykkjer vi er ein super idè! Her kan de lasta ned eit tomt verdskart: https://www.spireserien.no/verden?fbclid=IwAR1LNVvdCPUBbl4icjWVLH_2fVmVr_H5LbfJKYNNt1iB8YpmVgbhUBe85NE

 

Biletet på toppen av sida er frå pngtree.com