Lesereisen – Reisemål 7 – Asia

Lesereisen – Reisemål 7 – Asia

Velkomen til Asia!

Nok ein forfattar dukkar opp på reisa vår. Anneli Klepp er forfattar av bøkene om Mia og Tor, samt Lines verden. Ho har ei helsing til dykk:

Fakta for 1.-4. trinn:
Asia er eit kontinent der du finn verdas høgaste fjell, Mount Everest.
I Asia finst og mange ulike dyreartar.
India, Kina, Thailand, Japan og Nepal er alle land som ligg i Asia.

 

Fakta for 5.-7. trinn:
Asia er eit kontinent der du finn verdas høgaste fjell, Mount Everest.
Mount Everest er heile 8 849 meter over havet.
I Asia finst og mange ulike dyreartar som du ikkje finn andre stader.
Nokre eksempel på dyr du berre finn i Asia er; bengaltiger, panda, rødpanda, orangutang og indisk elefant.
India, Kina, Thailand, Japan og Nepal er alle land som ligg i Asia.
I Asia lever det over 4,5 milliarder menneske.

 

Boktips

 

For læraren:
Dette er einaste gong vi er innom Asia på turen vår. Området er stort, og de vel sjølv kva for område de vil fokusera på.
Fine dyrefilmar: https://nrksuper.no/serie/hvis-jeg-var-et-dyr/MSUI12006517
Film om rødpandaen, på samisk, med tekst på bokmål: https://nrksuper.no/program/SAPR65011715
Morosame klipp å visa elevane kan vera NRK Supernytt sin “panda-mandag”; https://nrksuper.no/serie/supernytt/MSUM02031521/sesong-202103/episode-11  (sjå kapittel 9 i innslaget, eller gå til ein vilkårleg episode av NRK Supernytt sine sendingar frå mandagar)

Biletet på toppen av sida er frå freepik.com/photos/snow (Snow photo created by wirestock)