Noreg si mest populære leseteneste for skular

Leseteneste som gjer det gøy for elevane å lesa mykje og ofte. Læraren får oversyn og innsikt. FEIDE-pålogging, middel frå Den teknologiske skolesekken kan nyttast, lisensar per elev og heilt gratis for lærarar. Grupper, trinn, skular og kommunar kan kjøpa lisensar.

Bøker for barn

Leseglede og motivasjon til elevane – innsikt og oversyn for lærarane

Over 50 000 elevar og 450 skular i Noreg nyttar Lesemester som føretrekt leseteneste for å auka lesemotivasjon hjå elevane. Lærarane seier at Lesemester gjev meir motivasjon samanlikna med annan lesetrening.

Digital lesing skal trenast på i følgje ny læreplan, og med Lesemester vert det i tillegg gøy. Lesemester finst som iPad app eller brukast i nettlesar på PC.

Har ikkje skulen tilgang til Lesemester, kan du no bestilla prøveperiode i 14 dagar.

lesereisen

Lesemester gav et skikkelig puff til flere elever som ikke har likt å lese. Her deltok de med stor lyst, og ville lese mer når vi egentlig skulle avslutte. 

– Sissel Moe-Forås Schjelderup, lærer i Nærøysund kommune

Barnebøker

Gjer det gøy å lesa for elevane

Med Lesemester kan elevane lesa mange spanande bøker på iPad eller i nettlesar.

  • Barnevenleg design med element av godtgjersle
  • Enkelt å finna riktig bok til seg sjølv
  • Les bøker med og utan lyd. På bokmål, nynorsk, samisk og engelsk
  • Oversikt over kor mykje dei har lest
  • Samla lesepoeng undervegs
  • Få lesevener i klassen og send dei leseutfordringar
  • Ta quiz etter at dei har lest for ei rask avklaring på leseforståinga
  • Få tilpassa bokutvalet frå læraren
  • Les same bok som resten av klassen

Lesemester gjer det gøy å lesa mykje og ofte!

Enkelt og oversynleg for lærarane

Lesemester gjer det gøy og motiverande for eleven å lesa mykje og ofte, og med Lesemester lærertenesta gjer vi lesekvardagen enklare for deg som lærar. Med lærertenesta kan du:

  • Følgje med på kva klassen og kvar einskild elev les
  • Følgje med på kva klassen og kvar einskild elev svarar på quiz
  • Få oversyn over alle bøkene i Lesemester, og tilpassa biblioteket til elevane
  • Senda leseutfordringar til klassen og enkeltelevar
  • Anbefala bøker til enkeltelevar, grupper eller heile klassen.
  • NYHEIT: Vel bøker basert på Lesbarhetsindeks/LIKS og tilpass bøkene endå betre til kvar einskild elev

Nettbøker for barn

lesereisen

Jeg synes lesemester appen fungerer veldig fint. Det er et bredt spekter av bøker i ulike nivå, både med og uten lyd. Kjempefint at det er såpass mange bøker man kan få som lydbok.

– Elisabeth Nilsen, lærer i Åsnes kommune

Populært bibliotek med mange favorittar

Biblioteket i Lesemester har over 1500 kvalitetsbøker på ulike nivå, som gjer det lett å tilpassa til elevene sitt lesenivå. Bøkene finst på bokmål, nynorsk, engelsk og samisk. Elevene kan lesa bøker med lydstøtte og biblioteket oppdaterast regelfast kvar månad.

Kvalitetsbøker frå forlag gjev tryggleik

Bøkene er frå 19 ulike forlag som Cappelen Damm, Gyldendal, Aschehoug og Samlaget. Biblioteket inneheld bokseriar som  Bokbussen frå GAN Aschehoug, Tor og Mia, Jo og Jenny, Ekstrem natur, Nordlys, Drageriddernes orden og mange fleire. Du finn og kjende og kjære forfattarar som blant anna Tor Åge Bringsvær, Maria Parr, Lisa Aisato og Malin Falch.

Biblioteket er lagt opp slik at det skal vera lett å finna bøker som samsvarar med måla i læreplanen, og med nivå som gjer det lett å tilpassa både til undervisninga og den einskilde eleven sitt bokutval.

lesereisen

Siste nytt frå Lesemester skule

Lesereisen 2021 – ei reise i verda og i bøkene si verd

Lesereisen 2021 samla over 60 000 elevar og deira lærarar til ei felles reise rundt i verda. 15 reisemål og over 40 millionar sider lest er nokre av milepælane elevane nådde på Lesereisen.

Her kan du lesa meir om Lesereisen og sjå helsingar frå kunnskapsminister Guri Melby, statsminister Erna Solberg og mykje meir.

Lesereisen 2021 omtalt på NRK Super

Sjå NRK Super sin reportasje frå Tiurleiken skole i Oslo kommune. Her møter du leseglade elevar som gleda seg til å dra på tur.